bør ikke forlates uten tilsyn

Eg fekk ein telefon som gjorde meg så glad at eg måtte skru av alle ljosa i heile leiligheten (hva heter leilighet på nynorsk?), setje meg på golvet i gangen og halde hendene rundt meg, og eg lovar – det tok fleire minut før eg innsåg at eg tenkte på nynorsk. Eg vart så glad at eg tenkte på nynorsk. Det er ganske tvilsamt.

Og når eg hadde gjort det lenge nok, gjekk eg tilbake til datamaskinen for å skrive nokre sider til om den norske samtidsromanen. Eg sit i ein ryddeg (eg ryddar aldri så mykje som når eg eigentleg skal gjere andre ting) og mennesketom leilighet i fjorårsnyttårskjolen med kokesjokolade og chai te.

Eg lurer på om andre menneske vert like mentalt forstyrra av hjemmeeksamen.