åpent brev til geir ellingsrud

Kjere Geir! (Får eg lov til å kalle deg ved fornavn? Eg føler jo at me tidlegare har hatt ein ganske grei tone, så eg kan ikkje sjå at det skulle ha vore eit intimitetsproblem her. Men på grunn av di kone, kan me gjøre det ryddugare.)
Kjere rektor!

Eg tek dette på Aasen-mål, eg. Eg meiner eg las noe om at Universitetet manglar sin nynorskkvote? Som vanlig stiller stud.litt. Storrusten til din disposisjon, og gyv løs på oppgåva med dødsforakt.

Du og eg har som sagt hatt ein plettfri samarbeidshistorie tidlegare. No må det riktignok skytast inn at denne samarbeidshistroria ikkje strekk seg lengre enn til at eg halvvegs høyrde åpningstala di i august (mens eg spela hangman med nye vener), og kanskje har du kasta eit blikk over karakterane til årets littvitere og nikka nøgd at «dette gikk då greit?», men likevel. Ingen av oss freister vel benekte at me har eit varmt og nært forhold?

Difor skal eg ikkje prøve å lyge for deg, Geir. Du, som jo er Guds stedfortredar på Universitetet, veit at eg tidlegare år har synda både i meldingsbøker og gjennom ein falsk krimsjuke (red anm: forkjølelse?) i tredje klasse på barneskulen. Trass i at vitnemålet mitt ikkje er for verst når det kjem til fraver, er me begge smerteleg klar over at dei akutte sjukdomsfravera i 3. og 4. time ein torsdag føremiddag i 2004 nok har større samanheng med kaffekoppane på kafeane i Bogstadveien enn dei har med virus og termometer.

Men eg orker ikkje sei at eg vart sjuk i dag, Geir. Både du og eg veit at det ikkje er lett å konsentrere seg på skulen når man veit at Kongen har bursdag. Det skjer ikkje ofte (berre kvar 365. dag, og kvar 366. dag om man har uflaks!), og når det nett no er eit jubileumsår er det ikkje lett for en liten monarkist å skulle konsentrere seg om tyske verb i ein kjøleg forelesningssal.
Du veit dei sender TV-program? Og ikkje nok med at televisjonen feirar i dag, neidå, heilt til 22.40 i går sendte dei et intervju, og når eg no først hadde sett heile programmet, vart det sjølvsagt diskusjon, og eg endte ikke i seng før 00.45. Så ringde vekkerklokka 07.25 i dag, og eg tenkte først «Jippi! I dag har Harald bursdag! Dette er årets beste dag!«, før eg fikk summa meg og smerteleg innsåg at ein spurt opp på Blindern i sprengkulde og generell trøytthet ikkje var den beste måten å feire dette på. Når eg i tillegg måtte komme meg attende like etterpå, nytta det ikkje å argumentere med hjernen min.

Så eg (og du skjønar vel kor dette ber, Geir) tok eit val, og kledde på meg berre for å sette meg i sofaen med bøkene mine, og med åpna word-dokument klart for å motta exphil-notater når eg vert inspirert. Eg vonar du kan unnskulde meg for lærarkollegiet når dei spør kor eg har vore.

Eg håper dette ikkje øydeleggjer vårt gode forhold, Geir. Eg ser fram til fleire år med godt samarbeid, og eg lovar at dette ikkje skal skje når Dronningen også fyller 70 år. (men det er no mest avdi eg då har sommerferie.)

Dei beste hilsner frå

Kristin Storrusten,
optimistisk litteraturstudine og din største fan.