– Barnelitteratur har eigenverdi
Jeg ble intervjuet i Bergens Tidende på mandag, og jeg synes rett og slett dette er kampskriftet mitt i barnelitteratur. Det er så bra! Takk til Siri Økland, flink journalist.
– Barnelitteratur har eigenverdi
Utviskinga av skiljet mellom barne- og vaksenlitteratur kan gå ut over barnebøkene, meiner norsklærar.
– Barnelitteraturen har ein eigenverdi. Den bør koma ut på eigne vilkår utan at den treng venda seg til vaksne lesarar, meiner Kristin Hamran Storrusten. Ho underviser i barnelitteratur på førskulelærarutdanninga ved Høgskolen i Oslo.
Vaksne styrer
– Det er vaksne som lagar, sel og kjøper barnelitteratur. Vaksne kjøper det dei blir tiltrekt av, og eg er redd den vaksne lesaren skal bli viktigast innan allalderlitteraturen.
– Ser du nokon positive sider ved denne sjangeren?
– Dei siste åra har det kome ut mange gode slike bøker. Dersom fleire vaksne får lyst til å lesa høgt for barn fordi dei liker bøkene sjølv, er det bra.
Ufortent
Storrusten meiner vaksnes oppvurdering av bøker med fleire lag til fordel for bøker med eitt tydeleg barneperspektiv, har gått ut over f.eks Anne Cath Vestly.
– Astrid Lindgren har fleire nivå i bøkene sine, slik som i «Mio, min Mio» og «Brødrene Løvehjerte». Mange vaksne set derfor Lindgren framfor ein forfattar som Vestly. Ho blir avfeid som enkel, og dette er ufortent.
På barnas premissar
Begrepet allalderlitteratur set eit kunstig skilje mellom barn og vaksne som lesarar, meiner Storrusten.
– På kva måte er dette uheldig?
– Når vaksne får noko ut av ei barnebok, blir den kalla allalderlitteratur. Dette blir brukt som eit honnørord, men kvifor kan me ikkje berre seia at me liker ei barnebok utan å setja ein eigen merkelapp for vaksne på den?
Ho trekk fram «Bukkene Bruse på Badeland» av Bjørn Rørvik som eksempel på ei bok som er morosam også for vaksne utan at den har eigne referansar for dei.
– Det finst mykje god barnelitteratur som ikkje skriv inn ein vaksen lesar. La oss snakka om barnelitteratur på barnas premissar.